Dei tragiske siste 6mnd... Update med lovnad.

Veldi veldi veeeeldi mykje har skjedd denne hausten, så bloggen har diverre hamna nederst på lista....
Mammi (farmor) dø brått og uventa, eg og min sambuar gjennom nesten 7 år har gått frå kårandre, eg sa opp jobben og skal flytte til Bergen neste helg og no er eg å finne på Sandane. Her driv eg med ei rehab på nakken itte eg kræsja i desember 2009 og fekk nakkesleng....
Åsso, da verste av alt, eg må selje Gullet... Min nydelege 1-serie... Fantastisk bil å kjøyre og ikkje minst, den e so strøken! Men kva skal eg med bil når eg skal bu midt i Bergen sentrum..... Jessdå!
Men, humøret et på topp og 2012 er verkeleg starten på eit nytt kapittel i livet mitt, og eg kjenner det gjere godt!
Eg skal no skjerpe meg og oppdatere her jamnleg igjen

Bilder:
Kransen til mammi frå barnebarna
Juletreet i den midlertidige leilegheita
Gullet mitt som eg må selje då eg ikkje treng bil når eg har leilegheit midt i Bergen sentrum

2 nye ringar

Desse to nydelege ringane kjøpte eg når me va i Tyrkia her for snart to veker sidan. Ekje dei bere nydelege? Åsso kosta dei ca 5,- pr stk!

Har du vore i Tyrkia i Juni? Kan du komme med info?

Blogg? ka va da no igjen?  Åja, den ja, den har eg gløymt....   Godt eg ikkje har altfor monge lesarar som vert skuffa sia eg rett og slett ikkje har tenkt på bloggen på.... ein mnd?! 

Men grunnen til da e jo at me endeli har fått flytta opp i huset vårt på Skaret <3  Eg ska legge ut ein del bilder og sånn ein anna gong..... kanskje eg får tid i kveld.

Ei anna glanyheit e at me pikadegen ska te syden atte *hjarte*  me vart så gla i Tyrkia i fjor, så eg snakka med Helge på facebookchatten ein måndags morgon og han sa da va greit, me kunne fare om me fekk med oss nokon andre (Me kan ikkje reise åleine, eg vil berre ligge på stranda og sleike sol medan han so og sei bur i sjøen heile dagen.... so me må ha med oss nokon som er på same måte som oss)  Eg spurde ei venninne av oss om ho KJ og sambuaren JE kunne og evt når. Jau ho va ferdig på skulen (som lærar)  fredag 17.juni. Pørrrfekt! Då reise me laurdag 18.juni sa eg, Yess, me er med fekk eg tilbake på sms. Så me bestillte måndags kvelden!  *sweetness*

(Bilde lånt frå Google, viser den østre stranda)


Eg klarde øvetale dei til å vere med til Tyrkia då me var så nøgde med staden i fjor. JE var no litt skeptisk på masete folk og dårle mat og ikkje minst varmen, men det skal nok gå bra. Me opplevde ikkje noko masing frå nokon der nede!  Verken kelnara elle butikkfolk....  Og den utrulege gjestfriheita!  Service til tusen! Eg har ikkje ord... Eg vart berre så utrule positivt overraska! Maten var nydeleg og! Me holdt oss vekke frå salatar og frukt som ikkje hadde "avtagbart" skal, sånn just in case, men siste kvelden prøvde eg alt og det gjekk strålande!  Kan jo vere Imodium hjalp ein del og, men bedre føre var enn å hamne på sjukehus for matforgiftning, uttørking, diare osv :)

Men eg har nokre spørsmål..... Er det nokon som har vore i Tyrkia (Alanya) i Juni før? Korleis er veiret og temperaturen då?  Då me var der i September i fjor var det drepen heitt. Varmen va jo gudd, men luft-fuktigheita var på grensa til grusom. Berre ein løfta glaset rant svetten *smile*  Me vart jo vande med det etter eit par dagar, men e jo stor forskjel på dei 12 gradene me har her på Vestlandet for tida og dei 35gradene i Tyrkia!

Gu so eg gler meg! Me trenge sol og varme no itte 6mnd med snø og minusgrader og ellers grått og trist veir!!

 

Kvardagen hadde vore so mykje enklare.....

....om eg hadde hatt ein scooter!

Her på Vestlandet...Bygda....Med våre fantastiske dårlege vegar hadde det vore perfekt med scooter!



Eg reiser ca 7km kvar veg til og frå jobb 3 dagar i veka. Den koslege landhandelen ligg ca 1 km frå huset vårt. Kva skal eg då med bil? Scooter er det ypperlege framkomstmiddelet her!

 


På våre smale, øydelagde vegar er scooter perfekt når ein møter bilar, turistar med campingvogn/bil som ligg midt i vegen, sauer som kosar seg på den varme asfalten om sommaren eller bruker sprekkene i vegane som klø-"pinne", hestar på rømmen og ikkje minst når ein møter endene til naboen som tek sin daglege vagge-tur frå båthamna til "sentrum "med alle dei 18 andungane sine på rekke og rad etter seg.

 

Dei 2 øverste er frå kommunen, Dei 2 midterste er frå Fylket, dei to nederste er illustrasjonsbilder, Bilder frå Google. Dei viser og illustrerer kva me kjøyrer på kvar dag, anten om det er til og frå jobb/skule, handle mat, kjøyre ungane i barnehagen osv.

 

Så eg kunne svært gjerne tenke meg vinne denne scooteren som er avbilda under dette innlegget! Kvardagen min hadde vorte so mykje lettare og ikkje minst tryggare for både meg og møtande!



 alt=

Klikk her for mer informasjon om konkurransen!

Stikkord:

Har du vå på KONSERT PÅ TELENOR ARENA? Hjelp meg!!


Eg er verdas lukklegaste person akkurat no! Eg fekk tak i Roger Waters billetta til The Wall konserten på Telenor Arena 30.April.




 

Men eg lurer på noko.

Har du vore der? Kjenner du til plassane?


 




Me skal sitje på Felt E rad 2.....

Er det ok plassar?
Vil me sjå mykje eller lite?
Er det oppe eller nede?
Er det fæl vinkel å sjå frå?
Anna info du vil dele?

Håpar de kan hjelpe meg :)  Er litt kontrollfreak og likar å vete kem ka kor osv, så vil heller vete om det er ok/dårlege plassar så eg kan forberede meg istadenfor å verte skuffa når eg kjem inn :)

Uansett so kjem detta til å verte eit minne for livet! Roger Waters e min absolutte favoritt i musikk-verda!
Geni til tusen og den mest magiske fortryllande stemma eg har høyrt!

Han er vokalist og spelar bass, det er jo ganske imponerande, du syng i ei takt og bassen går heilt annleis, so du skal ha litt peiling når du kombinerar stemma og instrumentet!



 

Tilfeldig modell

Holy cow.
Min "kollega" på hi sida av veggen (Han e på experten, eg e på møbelen) Kom innom for å teste eit nytt objektiv... Me har diskutert litt foto den siste tida, eg har jo ikkje peiling, men veit kva type bilder/fokus eg likar og har lyst å lære meg litt meir, men hakje tid elle råd te å ta kurs osv, so lære av andre og lese litt på nett osv :)
Han skulle teste nåke fokus og dybde og byrja ta av meg medan eg sat bak disken og svara på epostar.

Eg er ikkje så gla i å verte tatt bilder av, vert sånn mobba av min sambo fordi eg faka smila mine, hehe, og da e heilt sant! Eg ser da jo sjøl, at det eg trur er eit naturleg smil vert skikkele klisje-Hollywood-smil, so no får folk meir oppgidde uttrykk frå meg når dei tek bileta.
Og det var det Hefinn fekk.....
De kan sjølv sjå bildet her:

http://foto.no/cgi-bin/bilder/vis_bilde.cgi?id=582410&brukerid=78775
Eg vil ikkje legge det ut her, de må gå på sida has for å sjå det.

 De må gå vidare å sjå dei andre bileta has og, han er utruleg dyktig for å vere sjølvlærd!

Det var jo ikkje meininga det skulle visast til andre ,men jaudå, han veit kva han vil og må jo innrømme at med dei kommentarane var det jo litt kjekt likavel *smile*

Gratis parfyme i posten?

Oh yeah!
Dinna her tur eg hadde passa meg!  Eg er ein typisk sumarperson, elskar sumar sandalar, klede, sko, hårfrisyrer, bikinia, stemninga og ikkje minst luktene! Kvart år kjøper eg eit par forskjellege parfymar med sumarlukt. Det får båe meg og dei rundt meg i sumarmodus (sidan me ikkje har hatt skikkeleg sumar her på fleire år)

So no har eg sjangsen til å vinne ei ny lukt, og ventar i spaning :)


Klikk her for å se hvordan du kan få Taj Sunset!

Stikkord:

Første outfit innlegg - Gjenbruk

Grøss.... likar ikkje legge ut bilde tå meg sjøl, men tenkte vise dykk ein outfit eg har sett sammen av det eg hadde i skåpet mitt som eg har hatt liggande i... jah.... 6år?!


Toppen er kjøpt på HM i fjor eller forfjor....
Den grøne jakka under dongerijakka er kjøpt på only eller veromoda i 2003 trur eg.....
Dongerijakka er kjøpt i ei bod i spania i 2004. Den har jaggu holdt seg bra for å vere sånn super billeg *smile*
Ellers e da den knall mørkeblå neglelakken frå HM (ELSKAR den, den held seg ca ei god veke med 2 lag! Har både montert møblar, vaska osv uten at den flassa av) 
Ringen kjøpte eg på Bik Bok for 19 kr tidlegare i vinter.
Fjøyrøyredobbane er vel Gina sine... Det ligg nærbilde på forje innlegg.
Buksa fann eg på Cubus til heile 49 kr i haust *oh joy*


Ver så snill å øvesjå badet! Me leiger medan me ventar på at dei som leiger vårt hus skal bygge ferdi sitt hus!  Fantastisk bad dette her... Lilla belegg på veggane og mintgrøn toalett.... jah... Fantastisk!
Måtte ta med bilde bakfrå for å vise hetta på den grøne "strikkajakka"  Syns fargane oliven går flott mot den skittenbrun/grå dongerijakka :)
Totally my colors  *hjerte*

Kva tykkjer du?
Ver så snill å ikkje slakt meg då *blunke*

Ein brøkdel av shoppingturen i Oslo og Sverige i helga

Me var i Oslo i helga då me hadde fått fat i billettar til Top Gear Live showet Laurdagen :)  Me for nedøve Torsdagen og brukte øve 5 timar meir enn nødvendig på turen pga dessa hersens fjellovergongane. 5 føkkings tima stilleståande kø.....  Jaja, trøsta oss med ei kalde Carlsberg i hotellobbyen når me hadde fått sjekka inn :)

Fredagen bar det avgårekåre te Sverige for litt shopping :)  Eg endte opp med detta :


Det er ikkje denne toppen, men ein svært lik. Den har strikk i livet. Gina Tricot. 199,- SEK

Denna enkle men litt fine tubekjolen. Kjøpte den mest pga beltet og fargen :) 199,- SEK


Sko får eg aldri nok av!  E oppi 60par pluss minus no..... Dessa fann me på Skopunkten? Kosta 99,- SEK per par, Men når ein kjøper 2 par får ein par nr 2 for halv pris, så Jeanett kjøpte også og me endte då opp med å få kvar sitt sånn par for 69,- NOK 
DÅ er det lov å kjøpe sko :)   Eg kjøper alltid billeg. Kvaliteten er eg ikkje så nøyen på, for når eg har så mangen skp å velje mellom kan dei vere billege med dårlegare kvalitet då eg ikkje brukar dei oftare enn max 10 gonger i året :)




Desse øyredobbane trur eg også var Gina.... hugsar ikkje prisen, men rundt hundrelappen?!


Denne herlegheiten meinar eg også var Gina. Eg har litt sansen for ringar med fasong?!  An e jo litt i vegen, men det går greit så lenge ein ikkje har klede der an heng seg opp :)   Kan jo variere den  opp/ned-bak/fram og, så det er jo litt arti :)   Kjøpte eit par ringar til, men dei har eg ikkje bilete av her, skal heller ta å legge ut dei seinare :)

So, toppen av kransekaka, høgdepunktet av Sverige.... Pils <3  Eg hugsar pappa alltid hadde desse ståande på "Gamlekjøkkenet" -so me kallar det (det gamle kjøkkenet i huset som kun vert brukt som lagringsplass no) Men på den tida var eg ikkje gammal nok, og heller ikkje likte eg øl, men når eg såg desse på systembolaget måtte eg berre ta med meg eit par :)  Og den var like god som eg tenkte meg :)  *Oh Joy*

 








Detta betalar me vegavgift for.....

Jaudå, eg sat her i staua 21.mars, klikka meg inn på nettbanken for å betale den hersens vegavgifta på 3300,- då eg har dieselbil.  Kontoen vart tømde 3 veker før neste lønning og eg set att med elendige og til tider livsfarlege vegar.

Eg lurer grådi på kva det er eg betalar vegavgifta for, kva skattekronene mine vert brukt til, og alle dei andre stakkars kronene mine som skal gå til staten for at dei skal gjere mitt liv beire.... Eg har hvertfall ikkje merka noko til det.

Det som irriterar meg mest er vegavgifta, for eg håpar jo eg får hjelp den gongen eg treng det om eg vert sjuk og når eg vert gamal. Men dinne vegavgifta ja....  Lat meg vise dykk bileter frå vegane me kjøyrer på til dagleg:














Alle bileter er funne på google og er frå hovudvegar i Sogn Og Fjordane)


Dette då, godtfolk, er våre hovudvegar her på vestlandet (Sogn og Fjordane i dette tilfellet)   Har du lyst å ha 2 smårollingar i baksetet når du møter eit vogntog her?  Vegane våre er smale og så fulle i holer, låge tunnellar, høge asfaltkantar, skrantande autovern og livsfarlege berg der det kjem jord, stein og snøras berre du ser på dei. Og her kjøyrer me med ungane våre i baksetet, tungtransporten som kjem med aviser, mat, drivstoff og liknande kjøyrer her fleire gongar for dag  og tida dreg ut når ein må til å stoppe og rygge og komme seg forbi kåradre 14 gongar på ei strekke på 2mil.

Me som kjøyrer desse vegane dagleg veit kvar det går an å kjøyre ut eller rygge tilbake til når me møter eit vogntog eller bussen, men når turistane kjem med sine übersvære campingbilar og kjøyrer midt i vegen og ikkje kan rygge.... og når nokon tek litt av med farten (som btw er idioti i seg sjølv)  eller om det kjem eit ras, anten snø, jord eller stein, så går det  liv tapt.....  Og om det ikkje går liv tapt går hvertfall bilen tapt.... for om du prøver deg hjå forsikringsselskapet får du berre beskjed om at det var uaktsom kjøyring av deg. Så får du sikkert ei saftig bot og eller fengsel alt ettersom.... og då får staten inn eeeendå meir peng som går til ubruklege operahus, "marmor-brustein" i hovudstaden og sydenturar til dei som held til på stortinget....

No kjenner eg det kokar i toppen.... Men.... Kan nokon fortelje meg kvifor eg ikkje får noko att for det staten robbar meg for?  Det som liksom skal komme meg tilgode....  Kvifor vert det kun brukt på motorvegar på austlandet?  Ja, det er farlege vegar der og, i 4 felta, men... Sett ned farten då!

Nei, te neste år skal eg lat vere betale vegavgifta, eg får jo ikkje det eg betalar for likavel. Forbrukarrådet og reklamasjonsrett MÅ jo gjelde på dette på lik linje med alle andre varer me betalar for som skal fylje standard! 

 

Les mer i arkivet » Januar 2012 » Juli 2011 » Juni 2011
Marte-Ja, det er meininga å skrive dialekt

Marte-Ja, det er meininga å skrive dialekt

25, Askvoll

Elska livet og nyte det so godt som råd. Bloggar om alt og ingenting, gjerne tips og råd om alt frå interiør til oppskrifter, mine meiningar om saker og ting. Skriv sjølvsagt på nynorsk og dialekt, så ikkje klag på skrivemåten min, det er med vilje! Hugs copyright på private bilder! Ellers er det Google eller så nemner eg fotografen!

bloglovin bloglovin
Norske blogger
Blogglisten

Kategorier

Arkiv

Siste innlegg

Siste kommentarer

Lenker

hits